Vi bruker cookies for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår hjemmeside. Ved å bruke nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler. Om informasjonskapsler
Ok
HS Bygg

HS Bygg er ein av dei leiande byggentreprenørane på nordvestlandet. Vi utfører alle typar byggeoppdrag for private og offentlege byggherrar. Selskapet har om lag 50 eigne tilsette. Våre medarbeidarar er ei fin blanding av dyktige fagarbeidarar, kompetente ingeniørar og teknikarar.

Målsetjing

Dyktige medarbeidarar, rett utstyr, god planlegging og gjennomføring skal gjere HS Bygg til den mest effektive entreprenørverksemda i regionen. Vi vil utvikle HS Bygg til å bli den leiande entreprenøren i prosjektutvikling og gjennomføring av total- og hovedentrepriser innan bustadmarknad, næringsliv og offentlege bygg i vår region.

Kundar og samarbeidspartar

HS Bygg skal vere ein kompetent og kreativ medspelar for våre kundar og samarbeidspartar. Vi tek ansvar og gjer vårt beste for å levere som avtalt. Ærlegheit og redelegheit mot alle vi forheld oss til er viktige grunnverdiar.

Medarbeidarar

HS Bygg skal gjennom målretta satsing skape trygge og meningsfylte arbeidsplassar. Vi tek vare på våre tilsette, og ynskjer at det skal vere triveleg å arbeide i HS. Tilsette i HS Bygg får moglegheit til kontinuerleg fagleg utvikling, slik at dei kan utføre sine arbeidsoppgåver på ein god måte. HS Bygg vil gjerne rekruttere ungdom til byggebransjen. Derfor samarbeider vi tett med Stryn Vidaregåande Skule og ByggOpp, slik at vi kan tilby lærlingeplassar, arbeidspraksis og utplassering.

HMS

HS Bygg har som mål å unngå ulykker både for eigne tilsette, og for våre underentreprenørar. Bedrifta arbeider aktivt med Helse, Miljø og Sikkerheit for å nå målet, og for å fremje god helse og trivsel på arbeidsplassen.
Kontakt
Knut Løvdal Stauri
Dagleg Leiar
stauri@hs-bygg.no
+47 906 63 076

Firmainformasjon
Organisasjonsnummer: 936 854 044
Etablert: 1985
Dagleg leiar: Knut Løvdal Stauri

Godkjenninger 
Tiltaksklasse 2:
Ansvarleg søkar for bygningar og installasjonar.
Ansvarleg prosjekterande for bygningar og installasjonar.
Ansvarleg kontrollerande for prosjektering av bygningar og installasjonar.
Ansvarleg utførande for konstruksjonar, anlegg og installasjonar.
Ansvarleg kontrollerande for utføring av konstruksjonar, anlegg og installasjonar.

Tiltaksklasse 3:
Ansvarlig utførende for bygningar og installasjonar.