Ledige stillingar betong
HS Bygg utvidar betongavdelingen – bli med på laget!
På grunn av auka ordretilgang styrkjer HS Bygg AS betongavdelinga og søkjer etter fleire dyktige medarbeidarar. Vi ser no etter anleggsleiarar, basar, formenn og fagarbeidarar som vil vere med på å utvikle og forme eit sterkt og kompetent team.
HS Bygg AS, HS Kapstad AS og HS Rise Bygg AS er heileigde dotterselskap av HS Entreprenør AS. I lag utgjer vi eit solid konsern med sterk vekst og varierte prosjekt innan bygg og anlegg. Vi har kontor i Stryn og har nyleg etablert oss i Ålesund, med ambisjonar om vidare vekst i regionen. Reising til prosjekt må reknast med.
Vi har solid økonomi, høg aktivitet og eit sterkt fokus på kvalitet i alle ledd. Som tilsett hos oss får du ein trygg og stabil arbeidsplass, med gode moglegheiter for utvikling og eit tydeleg fokus på kompetanseheving. Du får reell påverknad på korleis vi jobbar og utviklar oss som selskap, og du blir ein del av eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av høg fagleg stoltheit.
Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og gode pensjonsordningar med AFP.
Anleggsleiar – Betong
Som anleggsleiar har du ansvar for den daglege drifta og framdrifta på byggeplassen. Rolla krev god oversikt, leiing og evne til å koordinere personell, innkjøp og framdrift.
Ønska kvalifikasjonar:
– Teknisk fagskule eller ingeniørutdanning
– Erfaring som anleggsleiar innan betong eller bygg/anlegg
– Fagbrev eller relevant utdanning
– Evne til å leie og motivere eit team
– Strukturert og løysingsorientert
Bas / Formann – Betong
Du er bindeleddet mellom anleggsleiaren og fagarbeidarane. Denne rolla passar for deg som har høg yrkesstoltheit, tek ansvar og får folk til å dra i same retning.
Ønska kvalifikasjonar:
– Fagbrev innan betongfag eller tilsvarande
– Erfaring som som bas/formann innan betong eller bygg/anlegg
– Gode samarbeidsevner og forståing for kvalitet og tryggleik
Fagarbeidar – Betong
Som fagarbeidar vil du vere ein viktig del av laget ute på byggeplassen. Vi ser etter deg som er nøyaktig, arbeidsam og trivst med fysisk arbeid i team.
Ønska kvalifikasjonar:
– Fagbrev som betongarbeidar, eller tilsvarande erfaring
– Erfaring frå bygg / anlegg
– Fokus på HMS og kvalitet
– Vilje til å ta i bruk digitale hjelpemidler
Interessert?
Om ei av desse stillingane høyrest interessant ut, send gjerne ein søknad eller ta direkte kontakt med avdelingsleiar for betong,
Martin Nesje på tlf. 47 63 17 09, e-post: martin.nesje@hs-bygg.no
Du kan òg kontakte dagleg leiar HS Bygg Marianne Nærø på tlf. 92 66 45 64, e-post: marianne.naro@hs-bygg.no eller
dagleg leiar HS Rise Bygg Lars Ove Mork på tlf. 97 46 10 03, e-post: lars@risebygg.no
Søknadsfrist: 27.05.25